1-2-Switch

dataspel frå 2017

1-2-Switch er eit selskapsspel som er utvikla av Nintendo til Nintendo Switch. Spelet inneheld 28 minispel som er laga for å visa fram funksjonane til Joy-Con-handkontrollane. Det vart gjeve ut den 3. mars 2017, same dato som Nintendo Switch vart lansert.[1]

1-2-Switch

Utviklar(ar)Nintendo EPD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Kouichi Kawamoto
Serie1-2-Switch
Plattform(er)Nintendo Switch
Utgjeving3. mars 2017
SjangerSelskapsspel
SpelemodusFleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttps://1-2-switch.nintendo.com/
Del av serien 1-2-Switch⠀
Everybody 1-2-Switch!→

1-2-Switch gjer aktiv bruk eigenskapane til Joy-Con-handkontrollane, mellom anna registrering av rørsler, vibreringsfunksjonen og IR-kameraet. I spelet blir spelarane oppmoda til å sjå på kvarandre i staden for skjermen og bera seg åt ut ifrå lydeffektane i spelet og reaksjonane til motspelaren.[2]

Minispel

endre

1-2-Switch inneheld 28 ulike minispel derav dei fleste krev to deltakarar.[3] Minispela er:

  • Air Guitar
  • Baby
  • Ball Counting
  • Baseball
  • Beach Flag
  • Boxing Gym
  • Copy Dance
  • Dance Off
  • Eating Contest
  • Fake Draw
  • Gorilla
  • Joy-Con Rotation
  • Milk
  • Plate Spin
  • Quick Draw
  • Runway
  • Safe Crack
  • Samurai Training
  • Shave
  • Signal Flag
  • Sneaky Dice
  • Soda Shake
  • Sword Fight
  • Table Tennis
  • Telephone
  • Treasure Chest
  • Wizard
  • Zen

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre