1. garde-stridsvognarmé frå Russland
1. garde-stridsvognarmé (transkribert russisk 1. gvardejskaja tankovaja armija) er ei avdeling i den russiske hæren.
1. stridsvognarmé var namnet frå 1942 til 1944.
Første oppsetting
endre1. stridsvognarmé frå Sovjetunionen vart sett opp i Stalingrad i juli 1942, men vart snart omringa og delvis øydelagt. Han var då leia av generalmajor K.S. Moskalenko.
1. stridsvognarmé var ein sovjetisk formasjon som kjempa som ein del av Den raude armeen på austfronten under andre verdskrigen. Arméen vart leidd gjennom det meste av krigen av Mikhael Katukov. Han kjempa under slaget om Stalingrad og Operasjon Uranus, og deltok i slaget ved Kursk.
Andre oppsetting
endre1. stridsvognarmé vart igjen sett opp den 30. januar 1943 under kommando av Mikhael Katukov, som var personleg oppnemnd av Stalin, og overført til Nordvestre front.
Namnet vart endra til 1. garde-stridsvognarmé (frå Sovjetunionen), den 25. april 1944.
Tredje oppsetting
endreEtter krigen vart 1. stridsvognarmé tildelt Ordenen til Raude Fane og vart ein del av den sovjetiske okkupasjonsmakta i Tyskland, kjent som Gruppa av sovjetiske styrkar i Tyskland med hovudkvarter i Dresden. På slutten av 1980-talet vart hovudkvarteret trekt tilbake til Smolensk i Moskva militærdistrikt og oppløyst i 1998.
Reaktivering
endreEtter ein 16-års pause, vart 1. garde-stridsvognarmé (frå Russland) sett opp att i Moskva-området, Vestre militærdistrikt i november 2014 . I denne oppsettinga har arméen to manøverdivisjonar (4. stridsvogndivisjon og 2. motoriserte infanteridivisjon).
1. garde-stridsvognarmé har hovudkvarter i Odintsovo i Moskva-området, med følgjande manøvereiningar på taktisk nivå:[1]
- Militær kommando og kontroll
- Manøverelement
- 2. motoriserte infanteridivisjon med hovudkvarter i Kalininets i Moskva-området.[2]
- 4. stridsvogndivisjon med hovudkvarter i Naro-Fominsk i Moskva-området.[2]
- 27. motoriserte infanteribrigade med hovudkvarter i Mosrentgen i Moskva-området.[3]
- 6. stridsvognbrigade med hovudkvarter i Mulino i Nizjnij Novgorod-området.[4]
Militær eldstøtte på operasjonelt nivå.
- 112. bakke-til-bakke missilbrigade, forlagt til Sjuja
- 288. artilleribrigade med hovudkvarter i Mulino i Nizjegorod oblast
- 49. luftvernbrigade med hovudkvarter i Krasnyj Bor, Smolensk oblast
- Anna stridsstøtte
- 20. ABC-vernregiment er forlagt til Nizjnij Novgorod
- Militær logistikk
- 69. forsyningsbrigade forlagt til Dzerzjinsk
Kjelder
endre
- Denne artikkelen bygger på «1. stridsvognarmé» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.
Referansar
endre- ↑ «1-я танковая армия (имела два формирования)», tankfront.ru, henta 9. mai 2019
- ↑ 2,0 2,1 «milkavkaz.net», ww12.milkavkaz.net, arkivert frå originalen 9. mai 2019, henta 9. mai 2019
- ↑ «1-я гвардейская танковая армия - это... Что такое 1-я гвардейская танковая армия?», Словари и энциклопедии на Академике (på russisk), henta 9. mai 2019
- ↑ «1-я гвардейская танковая армия», structure.mil.ru, henta 9. mai 2019
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |