Sjuja
Sjuja (russisk Шу́я) er ein by i Ivanovo oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Teza, rundt 25 km søraust for Ivanovo.
Sjuja Шуя | ||
---|---|---|
![]() | ||
Byvåpenet til Sjuja |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Ivanovo oblast | |
Først nemnt i Bystatus |
1393 1778 | |
Borgarmeister | Aleksander Maslov | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
33 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
58 949 1 786,3 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 100 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 155900–155912 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)49351 | |
Nettstad: www.okrugshuya.ru |
Historie Endra
Sjuja vert nemnd første gong i historiske dokument i 1393. Frå 1403 vart området halde av ei gren av huset Suzdal, som fekk namnet sitt «Sjuiskij» etter byen. I 1539 vart byen plyndra av Safagäräy av Kazan. I 1566 vart han overteken av Ivan den grufulle som hans personlege eigedomen i opritsjnina. I 1722 vart byen vitja av Peter den store, som starta tekstilframstilling i byen. Innan 1800-talet hadde Sjuja vorte eit av dei største sentera for handsaming av lin, sjølv om han sidan er vorte overgått av nabobyen Ivanovo.
Nikolo-Sjartomskijklosteret, som ligg tolv kilometer frå Sjuja, er eit av dei største klostra i Russland. Klosteret vart første gong nemnt i 1425. Det har ein katedral frå 1652 og eit refektorium frå 1678. Klokketårnet i Gjenoppstandelseskatedralen er det høgaste frittstående klokketårnet i verden.
Bakgrunnsstoff Endra
- Nikolo-Sjartomskijklosteret Arkivert 2005-03-12 ved Wayback Machine. (russisk)
- Mikhail Frunze-museet (russisk)