Post meridiem
(Omdirigert frå 12-timarsklokke)
Post meridiem er eit uttrykk frå latin som tyder 'etter middag', etter kl. 12.00.
Det er føreslått at denne sida blir flytta til 12-timarsklokke. (Sjå eventuelt diskusjon)
Post meridiem eller PM blir brukt i somme land for å seie at eit klokkeslett høyrer til den andre halvdelen av døgnet, frå middag til midnatt.
6 PM betyr klokka seks på kvelden. Sjå ante meridiem, AM, 'før middag'.
Vanleg standard tidsrekning tar midnatt som utgangspunkt, klokka 00.00. Klokka 6 PM blir då klokka 18. Tidlegare vart forkortinga e.m. (etter middag) nytta i norsk.