153 Hilda
asteroide
153 Hilda er ein veldig stor asteroide i det ytre av hovudbeltet. Av di han er samansett av primitivt karbonhaldig materiale har han ei veldig mørk overflate.
Banen til 153 Hilda i blått. Dei raude banane høyrer til planetane. Den ytste planeten i denne animasjonen er Jupiter. | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | J. Palisa |
Oppdagingsdato | 2. november 1875 |
Baneskildring | |
Aphel | 4,533 AE |
Perihel | 3,412 AE |
Eksentrisitet | 0,141 |
Banehelling | 7,83° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 170,6 km |
5,11 t | |
Albedo | 0,062 |
Hilda gjev namn til ein asteroidefamilie kalla Hilda. Han er ikkje ein ekte asteroidefamilie sidan medlemane ikkje har eit felles opphav. I staden er dei låst i eit 2:3 baneresonansforhold med Jupiter.
Hilda blei oppdaga av J. Palisa den 2. november 1875.
Hilda okkulterte ei stjerne den 31. desember 2002. Hendinga blei observert ifrå Japan.
Asteroiden har ein lyskurve med svært låg amplitude, noko som indikerer at han er rund.