Time
- For kommunen med same namnet, sjå Time kommune. For andre tydingar, sjå Time (fleirtyding).
Time (avstytt t på norsk, h, av latinsk hora, 'time', internasjonalt) er ei måleining for tid som utgjer 60 min, eller 3600 sek. Ordet time har opphav i norrøne tími, som tyder «tid, gang».
Eit døgn utgjer til vanleg 24 timar. Å dela døgnet inn i tjuefire timar kjem frå det gamle Egypt, der ein brukte tolvtalssystemet.
Ein time er eksakt definert som 3600 sekund, i motsetnad til lengre tidseiningar som døgn, veke, månad og år, som er definerte astronomisk og varierer i lengd. Det er òg vanleg å dela timar inn i fire kvarter.
I undervisingssamanheng vert ordet «time» eller «skuletime» også brukt om perioden undervisinga varer, og ein kan med det seie «timen varte i 45 min.».