18 Wheeler var ei skotsk rockegruppe som var aktiv på 1990-talet. Ho var sett saman av Sean Jackson (vokal, gitar), David Keenan (gitar, vokal), Alan Hake (bass) og Neil Halliday (trommer).[1] Den opphavlege bassisten Chris «Pint Glass» Stewart forlét gruppa før ho gjorde nokre innspelingar, og blei erstatta av den opphavlege trommeslagaren Hake.

18 Wheeler
PlateselskapCreation Records

Keenan forlét gruppa i 1994 for å starta si eiga gruppe, Telstar Ponies, og blei erstatta av gitaristen Steven Haddow. Same år gav gruppa ut det fyrste albumet sitt, Twin Action på Creation Records, den 25. juli. 22. mai 1995 gav ho ut det andre albumet sitt, Formanka.[1]

Det tredje albumet deira, Year Zero, hadde ei meir eksperimentell sample-basert tilnærming, og kom ut 10. mars 1997.[1] Den remiksa singelen «Stay» blei spelt på radio og gav gruppa den einaste UK Top 75-singelen (han nådde 59. plassen i mars).[2] Etterpå blei gruppa droppa av Creation under innspelinga av det som skulle blitt den fjerde studio-utgjevinga hennar. Sjølv om Alan Hake har sagt at Creation Records let bandet ha innspelingane til dette albumet, blei ikkje albumet gitt ut. Hake blei med på å stifta plateselskapet Must Destroy.

Gruppa hadde Oasis som oppvarmingsband då Oasis blei oppdaga av Creation Records-sjefen Alan McGee på King Tut's Wah Wah Hut i Glasgow den 31. mai 1993.[3]

Medlemmer

endre
  • Sean Jackson: Gitar, vokal, bass og piano
  • Neil Halliday: Perkusjon, vokal, gitar og synth
  • Alan Hake: Bass, vokal, gitar og moog
  • Steven Haddow: Gitar, vokal
  • David Keenan: Gitar, vokal
  • Paul Fyfe: Gitar
  • Chris Stewart: Bass

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
  • Twin Action (1994, CRECD164)
  • Formanka (1995, CRECD181 & CRECD181L)
  • Year Zero (1997, CRECD192)[1]

Singlar og EP-ar

endre
  • «Nature Girl»
  • «Suncrush»
  • «Kum Back»
  • «The Revealer»
  • «Boddha»
  • «Steel Guitars»
  • «The Hours and the Times»
  • «Crabs»
  • «Prozac Beats»
  • «Stay»
  • «Grease»

Kjelder

endre