1953-filmen Peter Pan

Peter Pan er ein amerikansk animert eventyrfilm frå 1953, produsert av Walt Disney. Han er den 14. animerte Disney-langfilmen og opphavleg utgjeven 5. februar 1953 av RKO Radio Pictures. Peter Pan var den siste animerte Disney-langfilmen som vart gjeven ut gjennom RKO, før Walt Disney skipa sitt eige distribueringsselskap, Buena Vista Distribution. Filen var også den siste Disney-filmen der alle ni medlemmene av «Disney's Nine Old Men» arbeidde saman som regisserande animatørar. Kathryn Beaumont, Heather Angel og Bill Thompson, som saman gav stemmer til 1951-filmen Alice in Wonderland, returnerer som stemmeskodespelarar i denne filmen.

Peter Pan
Peter Pan Logo Black.svg
OpphavslandUSA
RegiClyde Geronimi
Wilfred Jackson
Hamilton Luske
ProdusentWalt Disney
FilmselskapWalt Disney Pictures
Utgjevingsår1953
Lengd76 min.
Inntening87 404 651 US-dollar Sjå dette på Wikidata

Peter Pan fekk i 2002 ein oppfølgjar under tittelen Return to Never Land. Ein serie av rett-på-DVD-forløparar produserte av DisneyToon Studios, som fokuserte på feen Tinker Bell, byrja i 2008.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 1953-filmen Peter Pan


  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.