1994-dataspelet Donkey Kong
Donkey Kong er eit plattformspel som er utvikla og utgjeve av Nintendo til Game Boy. Det vart utgjeve internasjonalt i 1994 og er laust basert på dataspelet frå 1981 med same tittel og oppfølgjaren Donkey Kong Jr. Spelet var kjent under arbeidstittelen Donkey Kong '94 før utgjevinga.[1]
Donkey Kong | |||
Utviklar(ar) | Nintendo | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Masayuki Kameyama Takao Shimizu | ||
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
Komponist(ar) | Taisuke Araki | ||
Basert på | 1981-dataspelet Donkey Kong | ||
Serie | Donkey Kong | ||
Plattform(er) | Game Boy | ||
Utgjeving | JP: 14. juni 1994 NA: 22. juli 1994 EU: 24. september 1994 | ||
Sjanger | Plattform, hjernetrim | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Nettstad | http://www.nintendo.co.jp/n02/dmg/qda/index.html | ||
Del av serien Donkey Kong⠀ |
I Donkey Kong tek spelaren kontrollen som Mario og må redde Pauline frå Donkey Kong som har kidnappa henne. Spelet har fleire spelemekanikkar henta frå 1981-dataspelet Donkey Kong, Donkey Kong Jr. og Super Mario Bros. 2. Donkey Kong Jr. gjer ein gjesteopptreden i spelet i nokre av nivåa, der han hjelper Donkey Kong med å hindre Mario i å komme vidare. Donkey Kong var det første Game Boy-spelet som var utvikla med støtte for Super Game Boy, som gjev spelet fargegrafikk og betre lyd. I 2011 vart Donkey Kong gjeve ut til Nintendo 3DS gjennom Virtual Console.[2]
Referansar
endre- ↑ «Donkey Kong Review». Nintendo Life. Henta 5. juni 2018.
- ↑ «Donkey Kong Review». IGN. Henta 5. juni 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (på japansk)