21P/Giacobini–Zinner
komet
Giacobini–Zinner (offisielt 21P/Giacobini–Zinner) er ein periodisk komet i solsystemet.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av: | Michel Giacobini, Ernst Zinner |
Oppdaga dato | 20. desember 1900 |
Alternative namn: | 1900 III; P/1900 Y1; 1913 V; P/1913 U1; 1926 VI; 1933 III; 1940 I; 1946 V; 1959 VIII; 1966 I; 1972 VI; 1979 III; 1985 XIII; 1992 IX |
BaneelementA | |
Epoke | 6. mars 2006 |
Aphel (Q) | 6.014 AU |
Perihel (q) | 1.038 AU |
Store halvakse (a) | 3.526 AU |
Eksentrisitet (e) | 0.7056 |
Neste perihel | 2018-Sep-10[1] |
Han vart oppdaga i 1900 av Michel Giacobini og igjen i 1913 av Ernst Zinner. Omlaupstida er 6,61 år med perihelavstand 1,034 og aphelavstand 6,01 AU. Han har vore observert i 11 perihelpassasjar, siste gang i 1985. Det er den første kometen som er studert frå nært hold av ein romsonde. Giacobini–Zinner vart møtt av romsonden International Cometary Explorer, ICE, som utførte plasmaobservasjonar i komethalen 7800 km frå kjernen 11. september 1985.
Kjernen av kometen er estimert til å vere 2,0 kilometer i diameter.[2]
Kjelder
endre- ↑ Syuichi Nakano (5. februar 2012). «21P/Giacobini-Zinner (NK 2191)». OAA Computing and Minor Planet Sections. Henta 5. september 2015.
- ↑ «JPL Small-Body Database Browser: 21P/Giacobini–Zinner». Jet Propulsion Laboratory. 2006-03-26 last obs. Henta 5. september 2015.
- «Giacobini–Zinner», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014