22. juli-senteret

Koordinatar: 59°54′55″N 10°44′45″E

22. juli-senteret er eit norsk statleg informasjonssenter om terroråtaka 22. juli 2011. Senteret vart opna 22. juli 2015 og ligg i første etasje i H-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo. Det skal først og fremst formidle fakta om terrorhendingane og kvifor det skal byggjast eit nytt regjeringskvartal.

22. juli-senteret ligg i H-blokka i Regjeringskvartalet

Institutt for historiske studiar ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet har det faglege ansvaret for senteret, medan Departementenes tryggleiks- og serviceorganisasjon har ansvaret for drifta. Senteret er opent kvar dag.

BakgrunnsstoffEndra