333 skvadron

(Omdirigert frå 333. skvadron)

333 skvadron er det norske luftforsvaret sin operatør av P-3C Orion overvakingsfly. Skvadronen er underlagd pp133 Luftving]], og stasjonert på Andøya flystasjon i Andøy kommune i Nordland fylke.

P-3C Orion i norsk teneste

Historie

endre
 
Vingtor, det første flyet som blei levert «Catalina-avdelingen», forløparen til 333 skvadron

8. februar 1942 blei forløparen til 333 skvadron, «Catalina-avdelingen», oppretta i Woodhaven i Skottland. Avdelinga var underlagd 210 Squadron RAF, og fekk tilgang på det første av fire Catalina-fly kort tid etter opprettinga. Offisielt gjekk avdelinga under namnet Norwegian Detachment Woodhaven. I byrjinga av 1943 fekk avdelinga ei ny nemning, 1477 (Norwegian) Flight, samstundes som ho blei tilført seks Mosquito-fly. Dermed var avdelinga så stor at det blei naturleg å oppretta ein skvadron. 333 (Norwegian) Squadron blei oppretta 10. mai 1943 med Catalina-flya i ein A-flight og Mosquito-flya i B-flight.[1] Skvadronen var underlagt RAF Coastal Command.

 
Lockheed P-3 Orion frå 333 skvadron

Referansar

endre
  1. Henriksen, Vera (1927-) (1996). Luftforsvarets historie: (juni 1940 - mai 1945). Aschehoug. s. 562. ISBN 8203220703. 

Litteratur

endre
  • Georg Werner-Hansen: På vingane for Noreg - historia om 333 (Norwegian) Squadron's kamp. Gyldendal 1947.
  • Håvard Klevberg: «Request Tango» - 333 skvadron på ubåtjakt - maritime luftoperasjonar i norsk tryggleikspolitikk. Universitetsforlaget 2012. ISBN 978-82-15-01863-8