Andøya flystasjon

Andøya flystasjon er ein militærbase for luftforsvaret som ligg på Andenes i Andøy kommune i Nordland fylke. Her ligg luftforsvaret sin 333-skvadron, med P-3 Orion overvakingsfly.

Andøya flystasjon

OperatørLuftforsvaret Sjå dette på Wikidata
StadAndøy kommune Sjå dette på Wikidata
Høgd13 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar69°17′33″N 16°8′39″E Sjå dette på Wikidata

Flyplassen på Andøya vart bygd etter ønske frå NATO, og var ferdigbygd og operativ i 1957. Under den kalde krigen var basen svært viktig for forsvaret av Noreg. Flystasjonen er ei hjørnesteinsverksemd i Andøy kommune.

Det går òg sivile passasjerfly frå Andenes. Den sivile delen av flyplassen heiter Andøya lufthamn, Andenes.

Spire Denne transportartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.