4fjell er ein årleg turkonkurranse i Aure kommuneNordmøre som går ut på å ha vore på toppen av minst fire av fjella i kommunen i løpet av sesongen.

Om 4fjell endre

Turkonkurransen 4fjell[1] har vore ein årviss tradisjon sidan oppstarten i 1995. 4fjell vert arrangert av Aure Idrettslag[2], Ertvågsøya IL, Tustna IL, Aure Idrettsråd og Aure Næringsforum som i samarbeid sørger for merking av stiar, utlegging av bøker på turmåla og premiering.

Premiering endre

Den som har vore på toppen av 4 fjell får tilsendt eit deltakarmerke i posten. I tillegg er det varierande grad av premiering i ymse årsklassar og etter kor mange fjell ein har vore på.

Oversikt over fjell endre

Talet i årskolonnen fortel meir eller mindre kva vanskegrad turen har, der 1 er lettast og 10 er tyngst.

Fjell Høgd Kor 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 1998 1997 1996 1995
Krokvatnet 236 Ertvågsøya 1 1
Steinen 315 Tustna 2
Langheia 463 Aure 3
Ålmomannen 472 Ertvågsøya 5 4
Runden 609 Tustna 6 5
Storbrannfjellet 354 Skarsøya 6
Ormsetfjellet 594 Ormset 7 7
Storklakken 767 Klakkan 8 8
Bergefjellet 595 Ertvågsøya 9
Skarven 896 Tustna 10 10
Nauthatten 170 Tustna 2
Østbatteri/Støttepunkt 30 Skarsøya 3
Mebakkfjellet/Fævelfjellet 425 Aure 4
Korsbekkfjellet 694 Ertvågsøya 9

Kjelder endre

  1. 4 fjell 2017 (på norsk bokmål), henta 16. januar 2019 
  2. Aure Idrettslag

Bakgrunnsstoff endre

Direktelenkjer til deltakarbrosjyrer. Desse vert husa av Aure Idrettslag: