51 Nemausa

asteroide

51 Nemausa er ein stor hovudbelteasteroide lik på 1 Ceres i samansetning. Han blei oppdaga frå Nîmes i Frankrike og ber det latinske namnet til byen. Asteroiden blei oppdaga av A. Laurent som berre oppdaga denne ein asteroiden. Asteroiden blei oppdaga ved bruk av eit privateigd observatorium tidlegare i besittelse av Benjamin Valz som forlet det for å bli ny direktør ved Marseille-observatoriet. Han overlét observatoriet til A. Laurent som seinare fann asteroiden. Huset i 32 rue Nationale i Nîmes har ein plakat over oppdaginga. [2]

51 Nemausa
Oppdaging A
Oppdaga av A. Laurent
Oppdaga dato 22. januar 1858
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Solfjerne (aphel, Q) 377,381 mill. km (2,523 AE)
Solnære (perihel, q) 330,360 mill. km (2,208 AE)
Stor halvakse (a) 353,871 mill. km (2,365 AE)
Eksentrisitet (e) 0,066
Omløpsperiode (P) 1328,853 d (3,64 år)
Gjennomsnittleg banefart 19,34 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 316,668°
Banehelling (i) 9,972°
Lengda til oppstigande knute ) 176,168°
Perihelargument (ω) 2,820°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 147,9 km
Masse 3,4×1018 kg
Tettleik ? g/cm³
Overflategravitasjon 0,0413 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0782 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 0,093 [1]
Spektralklasse G
Absolutt storleiksklasse: 7,35
Overflatetemperatur: ~181 K

Basert på studie av lyskurvedata har det har blitt føreslått at Nemausa har ein satellitt. [3]

Kjelder endre

  1. http://www.psi.edu/pds/resource/albedo.html
  2. http://www.netnimes.com/centre_ville_8.htm
  3. http://www.johnstonsarchive.net/astro/asteroidmoonsq.html