Nîmes
Nîmes (oksitansk Nimes) er ein by i Sør-Frankrike, og prefecture (hovudstad) i departementet Gard i regionen Languedoc-Roussillon. Byen har om lag 140 000 innbyggjarar. Nîmes har ein rik historie som går tilbake til Romarriket, og er eit populært turistmål.
Nîmes | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Gard | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 161,85 km² | ||
Flatevidd - By |
161,85 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
144 600 893/km² | ||
Koordinatar | 43°49′59″N 4°21′00″E / 43.83306°N 4.35000°E | ||
Høgd over havet | 39 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.nimes.fr | |||
Plassering | |||
Historie
endreByen har fått namnet sitt frå Nemausus, 'frå kjelda'. Våpenskjoldet til Nîmes viser ein krokodille festa til ei palme med inskripsjonen 'COLNEM', som er ei forkorting for «Colonia Nemausus». Det er ein referanse til koloniane til dei romerske legionveteranane i Cæsar sine felttog ved Nilen. Etter 15 år som soldat, fekk veteranane eit lite stykke land dei kunne dyrke på slettene ved Nîmes. Nîmes vart ein romersk koloni om lag 50 fvt.
Nîmes låg langs Via Domitia, ein romersk veg konstruert i 118 fvt, og som knytte Italia til Spania. Keisar Augustus gjorde Nîmes til hovudstad i provinsen Narbonne. Augustus bygde 6 km lange festningsvollar rundt byen, forsterka med 14 tårn og portar, der to framleis står i dag. Byen hadde eit estimert folketal på 60 000. Det vart bygd både forum, basilika, eit gymnas og kanskje òg eit sirkus. Amfiteateret er frå 100-talet. Nîmes var ein svært rik by, og då Romarriket stod for fall mot slutten av 200-talet, vart byen stadig plyndra av vestgotarar, burgundarar og austgotarar.
Etter desse invasjonane, på 700-talet, vart byen okkupert av maurarar frå Spania, men i 754 gjorde Pipin den yngre slutt på okkupasjon. Nîmes var no berre ein skugge av den flotte byen han hadde vore i romartida. Byen kom så under karolingisk styre, som førte med seg fred. Føydaltida på 1100-talet var derimot meir uroleg, og byen vart styrt av innbyggjarane i byen, biskopen og fire konsular som sat i Maison Carrée. Louis IX av Frankrike klarte etter kvart å opprette eit styre i regionen som vart Languedoc, som då vart ein del av Frankrike.
Nîmes opplevde ei oppgangstid på 1700-talet, og folketalet auka frå 21 000 til 50 000, medan slummen vart bytta ut med nyare hus.
Attraksjonar
endreI Nîmes finst fleire svært godt bevarte romerske leivningar:
- Det ellipseforma amfiteateret, som ofte vert brukt til den provençalske utgåva av tyrefekting.
- Tempelet Maison Carrée frå 19 fvt. som vert rekna som det best bevarte romerske tempel
- Akvedukten Pont du Gard som ligg like utanfor byen
- Tour Magne som er restane av eit romersk festningstårn på Mt. Cavalier.
- Delar av bymuren
- Nyare attraksjonar er
- domkyrkja Saint Castor, som ifølgje tradisjonen ligg der templet for Augustus låg. Ho er delvis bygd i romansk samt gotisk stil.
I moderne tid har fleire vidkjende arkitektar fått oppført bygningar i Nîmes, m.a.
- Norman Foster sin Carré d'art frå 1986, som er eit kunstmuseum og mediatek, bygd ovanfor det antikke Maison Carrée.
- Jean Nouvel sin Nemausus, som er eit postmoderne bustadkompleks.
- Kisho Kurokawa som har teikna ein bygning i same ellipseform som amfiteatret.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettside for den romerske Nîmes Arkivert 2008-05-17 ved Wayback Machine.
- Bilete av romerske ruinar i Nîmes
- 103 bilete av Nîmes Arkivert 2007-02-10 ved Wayback Machine.
- Biletgalleri frå Nimes Arkivert 2007-02-16 ved Wayback Machine.