52 Europa

asteroide
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå jupitermånen Europa.

52 Europa er ein stor hovudbelteasteroide. Den har ein diameter på 289 km og vart oppdaga 4. februar 1858 av H. Goldschmidt. Den er namnsett etter den fønikiske kvinna Europa, ei av Zevs' erobringar i gresk mytologi. Europa er den sjuande største asteroiden rangert etter volum, og den sjette største rangert etter masse (etter Ceres, Vesta, Pallas, Hygiea og Interamnia) med litt under 2 % av den totale massen i asteroidebeltet.

52 Europa
Oppdaging
Oppdaga avH. Goldschmidt
Oppdagingsdato4. februar 1858
Baneskildring
Epoke 26. november 2005 (JD 2453700,5)
Aphel511,201 mill. km (3,417 AE)
Perihel416,621 mill. km (2,785 AE)
Eksentrisitet0,102
Banehelling7,466°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar360×315×240 km[1][2]
Masse5,2±1,8×10×1019 kg[3]
3,6±1,2 g/cm³
~0,20 km/s
0,2347 d [4]
Albedo0,058 [1]

Han er ein veldig mørk og karbonrik C-type-asteroide; den fjerde største av typen. Banen ligg nær Hygiea-familen, men den er ikkje eit medlem. Spektroskopiske studier har funne bevis for olivin og pyroksen på overflata[5], og det er indikasjonar på at det kan vera regionale forskjellar på samansetninga av overflata. [6]

Det har blitt funne ut at den kataklysmiske variabelen CV Aquarii funne i 1934 var ein feilidentifisering av 52 Europa. [7]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Data frå The Supplemental IRAS Minor Planet Survey
  2. T. Michałowski et al Photometry and models of selected main belt asteroids I. 52 Europa, 115 Thyra, and 382 Dodona, Astronomy & Astrophysics, Vol. 416, s. 353 (2004)
  3. G. Michalak Determination of asteroid masses II. (6) Hebe, (10) Hygiea, (15) Eunomia, (52) Europa, (88) Thisbe, (444) Gyptis, (511) Davida and (704) Interamnia, Astronomy & Astrophysics, Vol. 374, s. 703 (2001)
  4. PDS-lyskurvedata
  5. 5,0 5,1 E. Dotto et al ISO results on bright Main Belt asteroids: PHT–S observations, Astronomy & Astrophysics, Vol. 358, s. 1133 (2000).
  6. S.R. Sawyer A High-Resolution CCD Spectroscopic Survey of Low-Albedo Main Belt Asteroids, PhD thesis, The University of Texas (1991).
  7. P. Schmeer og M.L. Hazen CV Aquarii identified with (52) Europa, Journal of the American Association of Variable Star Observers, Vol. 28, s. 103 (2000)