65 Cybele
asteroide
65 Cybele er ein av dei størst asteroidane i hovudbeltet. Asteroiden er namneopphavet til Cybele-familien. Som ein C-type-asteroide er han mørk i farge og karbonhaldig i samnansetning. Asteroiden vart oppdaga 8. mars 1861 av Ernst Tempel og namnsett etter den frygianske jordgudinna Kybele.
Oppdaging A | ||
---|---|---|
Oppdaga av | Ernst Wilhelm Tempel | |
Oppdaga dato | 8. mars 1861 | |
Alternative namn B | ||
Kategori | Hovudbeltet (Cybele) | |
BaneelementC JPL | ||
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5) | ||
Solfjerne (aphel, Q) | 567,544 mill. km (3,794 AE) | |
Solnære (perihel, q) | 459,654 mill. km (3,073 AE) | |
Stor halvakse (a) | 513,599 mill. km (3,433 AE) | |
Eksentrisitet (e) | 0,105 | |
Omløpsperiode (P) | 2323,521 d (6,36 år) | |
Gjennomsnittleg banefart | 16,03 km/s | |
Gjennomsnittleg anomali (M) | 279,683° | |
Banehelling (i) | 3,548° | |
Lengda til oppstigande knute (Ω) | 155,808° | |
Perihelargument (ω) | 105,757° | |
Fysiske eigenskapar | ||
Dimensjonar | 237,3 km | |
Masse | 1,4×1019 kg | |
Tettleik | ? g/cm³ | |
Overflategravitasjon | 0,0663 m/s² | |
Unnsleppingsfart | 0,1255 km/s | |
Rotasjonsperiode | ? d | |
Albedo | 0,071 [1] | |
Spektralklasse | C | |
Absolutt storleiksklasse: | 6,62 | |
Overflatetemperatur: | ~150 K |
Første stjerneokkultasjon av Cybele vart observert 17. oktober 1979 frå Sovjetunionen. Ein diameter på 230 km kom fram, noko som passa bra med diameteren på 237 km IRAS-satellitten seinare kom fram til. Under okkultasjonen vart det mogelegvis observert ein satellitt med ein diameter på 11 km.[2]