Kybele er det greske namnet på den antikke anatoliske morgudinna.[1] Ho var òg kjend som Matar og Ma, og kulten kring henne blei seinare spreidd rundt Middelhavet.

Kybele

Identifisert medRhea, Magna Mater
EktefelleAttis
SambuarSangarius, Attis
BarnNicaea, Corybas, Alce, Midas

Historikk

endre

Kybele-kulten kan ha røtene sine i den neolititske anatoliske kulturen. I Hacilar og Çatalhöyük er det funne figurinar frå 7000–5000. f.Kr. med store likskapar til seinare avbildingar av Kybele. I den frygiske kulten blei gudinna kalla for Matar, mora, i den kappadokiska Ma, av og til med epitetet «Kubilieya». Dette epitetet, som ein trur viser til fjell, var kanskje årsaka til det seinare greske namnet Kybele. Kybele hadde ei særleg tilknyting til fjellet Ida. Det var ein heilagdom vigd henne i Pessinus, som låg sørvest for dagens Ankara, der ein dyrka gudinna gjennom ein svart meteoritt.[2]

Kybelekulten blei spreidd til Hellas og derfrå rundt Middelhavet under den hellenistiske perioden. Grekarane identifiserte gudinna med sine eigne ur- og morgudinner, som Gaia, Demeter og Rhea.[2] Dyrkinga av gudinna blei innført i Roma i 204. f.Kr. då det blei sett på som mogleg at gudinna kunne vera til hjelp i krigen mot Kartago. Kulten kom sidan til å bli spreidd i Romarriket og bestod fram til riket blei omvendt til kristendommen. I Romarriket fekk Kybele ofte epitetet «gudemor» eller «den store mora»,[3] og sjølve namnet blei latinisert til «Cybele».

Kulten blei mistrudd innanfor store delar av den romerske intelligentsiaen, hovudsakleg på grunn av at den mannlege delen av presteskapet frivillig kastrerte seg for å komma nærare gudinna. Dei kvinnelege prestane som òg fanst i kulten, Sacerdos Matrise Deum Magnae Idaeae, gjekk ikkje gjennom liknande kroppslege inngrep. Forbildet for kastreringa var ein myte om at den unge partnaren til Kybele, Attis, kastrerte seg som ein straff for å ha vore utru mot gudinna.

Mellom den 15. og 28. mars kvart år blei det halde festivalar i Roma for å dyrka Kybele og Attis. Det var på ein av desse dagane, dies sanguinis eller blodets dag den 24. mars, som ein går ut frå at dei komande mannlege prestane kastrerte seg. Dagen etter blei det gjennomført gledeseremoniar til ære for Kybele og Atti på gatene i Roma.

Den siste heidenske keisaren, Julianus Apostata, hylla Kybelekulten som ein høgtståande og åndeleg kult, og forsvarte òg den rituelle kastreringa. Kyrkjefaren Augustin fordømde kulten sterkt og hevda at gudinna ikkje var «gudemor», men «demonmor». På dette tidspunktet var kulten allereie blitt forboden. I seinare år har nokre nyheidenske grupper prøvd gjenoppliva Kybele-kulten.

Kjelder

endre
  1. «Kybele». Nationalencyklopedin. Henta 6 november 2015. 
  2. 2,0 2,1 Groth, Bente (10. september 2024). «Kybele». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «Kybele - Uppslagsverk». www.ne.se. Henta 4. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • Lynn E Roller, In search of God the mother: the cult of Anatolian Cybele, Berkeley 1999
  • Maarten J Vermaseren, Cybele and Attis: the myth and the cult, London 1977