ABCD-statane

(Omdirigert frå A-B-C-D-statane)

ABCD-statane er eit omgrep som vart brukt om dei maktene som førte krigen mot Keisardømet Japan under Stillehavskrigen, og spesielt etter 7. desember 1941. Omgrepet kjem frå dei engelske førebokstavane til desse statane: United States of America, the British Empire, China og Dutch East Indies.

Kjelde

endre
  • «A-B-C-D-statane» i Norsk Allkunnebok – I. bandet, A - Bennett (Oslo: Fonna forlag, 1948)