A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap

Ferja MF «Smørbukk».

A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap (NBDS) var eit reiarlag som hovudsakleg dreiv med passasjertrafikk på strekninga mellom ferjekaiene på Rådhusplassen i Oslo og Nesoddtangen i Nesodden kommune. Frå 2008 vart 51 % av reiarlaget overteke av Fosen Trafikklag, 38 % av Nesodden kommune og resten av einskildpersonar og av velforeiningar.

I 2009 eigde A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap seks passasjerbåtar, fire av dei var konvensjonelle eldre båtar, og to av dei var snøggbåtar bygd i 1990 og 1999. Båtane hadde namna MF «Bamse Brakar», MF «Smørbukk», MF «Huldra», MF «Dronningen», MS «Prinsen» og MS «Prinsessen».

A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap hadde òg nokre seglingar på kvardagar på strekninga Nesoddtangen – Lysaker og mellom Oslo og Slemmestad i Røyken kommune via Vollen i Asker kommune. Om sommaren dreiv selskapet dessutan ei rute mellom Oslo og Drøbak via fleire av øyane i Indre Oslofjord og stader på vestsida av Nesodden.

Etter at alle desse båtrutene vart langt ut i tilbodskonkurranse i 2007, vart det Tide Sjø AS som overtok trafikken frå 1. juli 2009 med nybygde ferjar i moderne stil. MF «Smørbukk» og MF «Huldra» vart overteke av Tide Sjø AS som reservebåtar.