Rådhusplassen i Oslo

Rådhusplassen i Oslo er ein stor plass som ligg mellom Oslo rådhus og bryggene inst i Pipervika, ei vik i Indre Oslofjord. Men Rådhuset på nordsida av Rådhusplassen har ikkje hovudinngangen frå denne plassen, men frå Fridtjof Nansens plass på nordsida av rådhuset.

Ein part av Rådhusplassen i Oslo med Rådhuset i bakgrunnen.
Flyfoto som syner Rådhusplassen og Rådhuset i framgrunnen.

Som ein del av den kunstneriske utsmykkinga av Rådhuset er det på Rådhusplassen skulpturar og springvatn.

I 1998 vart ein part av Rådhusplassen mot Kontraskjæret i aust gjeve namnet Rolf Strangers plass etter Rolf Stranger (1891-1990), og ein part heilt i vest gjeve namnet Brynjulf Bulls plass etter Brynjulf Bull (1906-1993). Båe hadde vore ordførarar i Oslo i lange periodar for kvart sitt politiske parti, Høgre og Arbeidarpartiet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.