Advanced Micro Devices, Inc. (AMD) (NYSE: AMD) er eit USA-amerikansk multinasjonalt selskap med hovudkontor i Sunnyvale i California. AMD utviklar prosessorar og annan maskinvare for datamaskinar. AMD er den nest største globale leverandøren av mikroprosessorar basert på x86-arkitektur etter Intel Corporation, og den tredje største leverandøren av grafikkustyr. Selskapet eig og 21 prosent av Spansion, ein leverandør av flash-minne.

Advanced Micro Devices, Inc.


BransjeHalvleiarar
Skipa1969
Forgjengar(ar)NexGen
HovudkontorSanta Clara
LandUSA[1]
ProduktMikroprosessorar
Hovudkort-brikkesett
Grafikkprosessorar
Dekoderbrikker for DTV
Mediabrikkesett for Handheldne einingar
Grunnleggjar(ar)Jack Gifford, Jerry Sanders, Edwin Turney
Tilsette15 653
Salsinntekter401 000 000 USA-dollar (2023)[2]
Omsetnad401 000 000 USA-dollar (2023)[2]
Resultat854 000 000 USA-dollar (2023)[2]
Marknadsverdi101 840 000 000 USA-dollar (24. juni 2021),[3] 131 930 000 000 USA-dollar (24. august 2021),[3] 185 240 000 000 USA-dollar (18. februar 2022)[4]
Nettstadwww.amd.com
AMD sitt hovudkvarter i Sunneyvale i California.
AMD 8080-mikroprosessor (AMD AM9080ADC/C8080A), 1977.

Historie

endre

Advanced Micro Devices (ofte forkorta AMD) blei oppretta i 1969 som ein produsent av logiske kretsar. I 1975 starta selskapet å produsera RAM-brikker. Same år lanserte dei sin egen klone av 8-bit prosessoren Intel 8080, og kalla denne AM9080ADC. I 1975 lanserte òg AMD AMD Am2900, ein 4-bit prosessor som hovudsakleg blei nytta som mikrokontrollar. Det utvikla seg etter kvart ein heil «familie» med forbetra utgåver, med namn som AMD Am2901, AMD Am2902, osv.

I 1988 lanserte AMD ein meir avansert mikrokontrollar, kalla AMD Am29000. Dette var ein 32-bit RISC-prosessor, og ein klone av Intel 80960. òg denne brikka blei byrjinga på ein eigen «familie» med mikroprosessorar (AMD Am29005, AMD Am29030, etc.). AMD slutta å produsere desse mikroprosessorane i 1995.

Brikkesett

endre

Før lanseringa av Athlon 64 prosessoren i 2003 hadde AMD utvikla brikkesett for K6- og K7-generasjonen prosessorar. Dette brikkesettet inkludererte AMD-640-, AMD-751- og AMD-761-brikkesett. Situasjonen endra seg i 2003 med utgjevinga av Athlon 64-prosessoren, og AMD valde å ikkje forsette med eigne brikkesett for sine desktop-prosessorar, og valde å opne desktop-plattforma slik at andre firma kunne designe brikkesett til ho. Basert på den opna brikke plattforma laga ATI, VIA og SiS eigne brikkesett for Athlon 64-prosessorar og nyare Athlon 64 X2 og Athlon 64 FX-prosessorar, inkludert Quad FX-plattforma brikkesett frå Nvidia. Dette initiativet var fylgt opp med lanseringa av Opteron-servar prosessorar som AMD stoppet utforminga av brikkesett til i 2004. Etter utgjevinga av AMD-8111 brikkesette, blei server plattforma opna slik at eksterne verksemder kunne byrje å utvikle brikkesett for Opteron-prosessorer. Slik situasjonen er i dag er Nvidia og Broadcom dei einaste som lagar brikkesett for Opteron-prosessorar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: AMD