A Gallon of Gas
Singel av The Kinks
frå albumet Low Budget
B-side

«Low Budget»

Utgjeve 7. august 1979 (USA)
Innspelt Januar 1979 - juni 1979
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 3:49
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Amerikansk The Kinks-kronologi 
«(Wish I Could Fly Like) Superman»
(1979)
A Gallon of Gas «Catch Me Now I'm Falling»
(1979)


«A Gallon of Gas» er ein song av The Kinks på albumet Low Budget frå 1979. Songen vart skriven av Ray Davies.

Skildring endre

«A Gallon of Gas» fortel om dei økonomiske problema på denne tida, og i dette tilfellet om oljekrisa.[1] Songaren klagar på at han ikkje kan kjøpe drivstoff uansett kor mykje pengar han har. Forfattaren Nick Hasted skildrar songen som «ein tung, elektrisk blues».[2]

Songen var den andre singelen som kom ut frå Low Budget, og er ein av to singlar på albumet som kom ut i Amerika, men ikkje i Storbritannia (den andre er «Catch Me Now I'm Falling»). Singelversjonen var lengre enn albumversjonen.[1] B-sida til singelen var «Low Budget». I tillegg til at han vart gjeven ut på singel i Amerika, vart han òg gjeven ut i Japan.

«A Gallon of Gas» finst på samlealbumet Come Dancing with The Kinks og konsertalbumet To the Bone. Ei alternativ utgåve av songen finst på Picture Book.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Rogan, J. (1998). The Complete Guide to the Music of the Kinks. Omnibus Press. s. 127. ISBN 0711963142. 
  2. Hasted, N. (2011). The Story of the Kinks: You Really Got Me. Omnibus Press. ISBN 9781849386609. 

Bakgrunnsstoff endre