Aage Niels Bohr
Aage Niels Bohr (fødd 19. juni 1922 i København, død 8. september 2009 i København) var ein dansk fysikar og nobelprisvinnar. Han er son av den store fysikaren Niels Bohr som sjølv vart tildelt Nobelprisen i 1922.
Aage Niels Bohr | |||
| |||
Fødd | 19. juni 1922 København | ||
---|---|---|---|
Død | 8. september 2009 (87 år) København | ||
Nasjonalitet | Dansk | ||
Område | Kjernefysikk | ||
Yrke | fysikar, pedagog, kjernefysiker | ||
Institusjonar | Manhattanprosjektet Universitetet i København | ||
Alma mater | Universitetet i København | ||
Doktorgradsrettleiar | Niels Bohr | ||
Kjend for | Geometrien til atomkjernene | ||
Ektefelle | Marietta Soffer | ||
Barn | Tomas Bohr | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Kungliga Vetenskapsakademien Det pavelege vitskapsakademiet National Academy of Sciences Det polske vitenskapsakademi American Academy of Arts and Sciences | ||
Merknader Aage Niels Bohr er son av fysikaren Niels Bohr |
Nobelprisen i fysikk
1975
Han etterfølgde far sin i 1956 som professor i fysikk i København. Bohr var ein dugande teoretisk fysikar og matematikar, og kjend for bidraga sine til forståinga av strukturen i atomkjernene og særskild for den skildringa han saman med amerikanaren Ben Mottelson og Leo James Rainwater gav av atomkjernane og som dei saman fekk nobelprisen i fysikk for i 1975. Bohr hadde ein vesentleg del av æra for at København òg etter at Niels Bohr døydde helt fram som eit verdssentrum for kjernefysisk forsking.
Bohr vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1969, ved Universitetet i Trondheim i 1972. Same året fekk han den amerikanske Atoms for Peace-prisen.
Kjelder
endre- Aage Niels Bohr. (2012-02-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Aage_Niels_Bohr