Manhattanprosjektet

Manhattanprosjektet (engelsk Manhattan Project) var eit forskings- og utviklingsprogram for atomvåpen under amerikansk leiing og med deltaking frå Storbritannia og Canada. Prosjekte førte fram til utviklinga av dei første atombombene under andre verdskrigen.  Frå 1942 til 1946 vart prosjektet leidd av generalmajor Leslie Groves frå den amerikanske hæren sitt ingeniørkorps (US Army Corps of Engineers). Hæren sin del av prosjektet fekk nemninga Manhattan District. Manhattan avløyste etter kvart det offisielle kodenamnet Development of Substitute Materials som nemning for heile prosjektet. Undervegs slukte Manhattanprosjektet òg den tidlegare britiske motparten, kalla Tube Alloys. Blant fysikarane som tok del i Manhattanprosjektet kan nemnast Albert Einstein, Edward Teller og danske Niels Bohr.

Manhattanprosjektet utvikla den første atombomba som vart testa i Trinityprøvesprengninga 16. juli 1945.

Manhattanprosjektet byrja i det små i 1938, men det voks raskt. I alt sysselsette det over 130  000 personar og kosta nesten 2 milliardar dollar.[1] Over 90 % av pengane gjekk til bygginga av fabrikkar og produksjonen av spaltbart material, medan under 10 % gjekk til sjølve utviklinga av våpna. Forsking og utvikling føregjekk på meir enn 30 ulike stadar rundt om i USA, Storbritannia og Canada, og nokre av desse var løynlege.

Det vart bygd to typar atombomber under andre verdskrigen. Den eine var ei høvesvis enkel uranbombe som nytta uran-235, ein relativt sjeldan uranisotop som berre utgjer 0,7 % av uran som finst i naturen. Då uran-235 kjemisk sett er identisk med det vanlege uran-238-isotopen, og veg nesten det same, var han svært vanskeleg å skilja ut. Det vart brukt tre ulike metodar for anriking av uranen: elektromagnetisk diffusjon, gassdiffusjon og termodiffusjon. Hovuddelen av arbeidet vart utført i Oak Ridge i Tennessee.

Samstundes som ein arbeidde med å skilja ut uran-235, arbeidde ein òg med å laga plutonium. Det vart bygd reaktorar i Hanford i Washington der uran vart bestrålt og omdanna til plutonium. Plutoniumet vart deretter skilt frå uranen på kjemisk måte. Plutoniumbomba kravde eit meir komplisert våpen som skapte ein implosjon og vart utforma og bygd på våpendesign- og konstruksjonslaboratoriet til prosjektet ved Los Alamos i New Mexico. Den første atombomba som vart sprengt var ei plutoniumbombe som vart detonert under Trinityprøvesprengninga i Alamogordo i New Mexico 16. juli 1945. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki bestod av uranbomba «Little Boy» og plutoniumbomba «Fat Man».

Manhattanprosjektet vart gjennomført under omfattande tryggingsmåtar, men sovjetiske spionar lukkast likevel i å trenga inn. Gjennom Operasjon Alsos gjorde personell frå Manhattanprosjektet teneste i Europa for å samla inn opplysingar om det tyske atomprosjektet. Det føregjekk til tider bak linjene til fienden, der dei samla inn nukleært material og fanga tyske vitskapsfolk. I perioden like etter krigen gjennomførte Manhattanprosjektet prøvesprengningar på Bikiniatollen som eit ledd i Operasjon Crossroads, utvikla nye våpen, støtta utviklinga av nettverket av amerikanske atomlaboratorium, støtta medisinsk forsking innanfor radiologi og la grunnsteinen for den atomdrivne flåten. Prosjektet heldt på kontrollen over den amerikanske atomforskinga og produksjonen av atombomber fram til skipinga av United States Atomic Energy Commission i januar 1947.

Kjelder endre