Aalsmeer er ein kommune og tettstad i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 28 000 innbyggjarar. Kommunen er ein del av byregionen Amsterdam.

Aalsmeer
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Noord-Holland
Areal 32,24 km²
 - vatn 11,66 km²
Folketal 31 991 (1. januar 2021)[1]
Folketettleik 1 362 / km²
Kart
Aalsmeer
52°15′50″ N 4°45′45″ E
Wikimedia Commons: Aalsmeer
Nettstad: www.aalsmeer.nl

Aalsmeer er først nemnt i 1133 som «Alsmar». Dette namnet finst i eit diplom der landet blir skjenka til nonneklosteret i Rijnsburg. Området var då ei villmark med or og vier. Det vart stukke mykje torv i området, og slik oppstod innsjøar. Jordbrukslandet vart slik minska, og folket gjekk over til fiskeri på 1400-talet. På 1600-talet begynte ein å tørrleggja områda som hadde blitt til sjøar. Slik vart Stommeer tørrlagt i 1650 og Hornmeer i 1674. Nokon vindmøller som vart brukt til å driva pumpene til å tørrleggja sjøane står endå.

I 1852 vart sjøen Haarlemmermeer tørrlagd, følgt av fleire andre. Fiskeriet vart så godt som borte, og plante- og fruktdyrking vart viktigare. Frå 1850 til 1885 var jordbærdyrking svært viktig. Jordbæret gav fargar til Aalsmeer sitt flag: Raudt, grønt og svart for bæret, blada og jorda. Frå 1880 av vart òg blomedyrking viktig, først med roser. Frå 1912 av vart blomane omsette på auksjonar i Aalsmeer. Blomehandel vart stadig viktigare, og gjennom den nye internasjonale flyplassen Schiphol like ved fekk ein tilgang til den amerikanske og japanske marknaden. Den nye auksjonshallen frå 1999 er 999 000 m² stor, og det største forretningsbygget i verda, ifølgje Guinness rekordbok.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021.