Aasulv Løddesøl

Aasulv Løddesøl (4. juli 189628. mars 1978) var ein norsk forskar på jordbruk frå Øyestad. Han var i si tid leiar av Det norske myrselskap, og sentral i utviklinga av eit meir effektivt myrbruk.

Aasulv Løddesøl
AasulvLøddesøl.jpg
Fødd 4. juli 1896
Øyestad
Død

28. mars 1978 (81 år)

Yrke agronom

Løddesøl var son til sølveigarbønder. Han studerte 1916/17 til agronom ved Holt landbruksskole og tok eksamen ved Noregs landbrukshøgskule i 1920. Sidan gjekk han linja med bygnings- og kulturteknikk ved Norges tekniske høgskole i Trondheim studieåret 1923/24. Frå 1926 var han stipendiat i faget jordbotnlære og tok doktorgraden i 1929.

Løddesøl var formann i Jordvernkomiteen av 1936, nemnda som la grunnlaget for Stortinget sitt vedtak om lov om vern mot jordøydeleggjing av 1949 (Jordvernlova). Han var styremedlem i organisasjonen 'Bygg ditt land', og hadde ei rekke faglege verv, både i Noreg og internasjonalt. I 1956 vart han tildelt Petter Dass-medaljen for å ha organisert hjelpearbeid i gjenreisinga av Troms og Finnmark etter andre verdskrigen. År 1965 var han i Tyrkia og gav opplæring i myrdyrking.

Han var svigerson til geologen Knut Olai Bjørlykke, og far til til næringsdrivaren Leif Terje Løddesøl.

KjelderEndra