Aba Andam
Aba A. Bentil Andam (fødd i 1948) er ein ghanesisk partikkelfysikar og president av Ghana Academy of Arts and Sciences sidan 2017.
Aba Andam | |||
Fødd | 1948 Ajumako | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Ghana | ||
Område | partikkelfysikk | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | Kwame Nkrumah University of Science and Technology | ||
Alma mater | University of Cape Coast University of Birmingham Universitetet i Durham Mfantsiman Girls Senior High School | ||
Ektefelle | Kwesi Akwansah Andam | ||
Medlem | Institute of Physics |
Liv
endreAba A. Bentil Andam blei fødd i Ajumako Kokoben i Ghana i 1948. Ho byrja å studera ved University of Cape Coast i Ghana, og fortsette deretter studiane i Storbritannia. Ho tok ein mastergrad ved University of Birmingham og doktorgrad ved Durham University.[1] Andam blei professor ved Kwame Nkrumah University of Science and Technology i 1981.
I 1986 og 1987 studerte ho meson med charm-flavour ved det tyske forskingssenteret DESY (Deutsches Elektronen-Synchrotron). Ho forska på radon og gjorde undersøkingar av radon-mengder og menneske si utsetjing for den radioaktive gassen fleire stader i Ghana.[1][2]
Aba Andam blei leiar for fysikk-fakultetet ved Kwame Nkrumah University of Science and Technology ved midten av 2000-åra.[1] Ho har forska på anvendt kjernefysikk ved Nuclear Research Laboratory i Kumasi. I januar 2017 blei ho vald til president for Ghana Academy of Arts and Sciences for ein toårsperiode.[3]
Frå 1987 tok ho del i utdanningsprogram retta mot å auka kvinner si deltaking i naturvitskap.[2] Andam har også vore leiar for UNESCO sitt Women in Science and Technology-program i Vest-Afrika.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Yount, Lisa (2007). «Andam, Aba A. Bentil». A to Z of Women in Science and Math (Revised utg.). New York: Facts on File.
- ↑ 2,0 2,1 «Andam, Aba A. Bentil (c. 1960–)». Dictionary of Women Worldwide: 25,000 Women Through the Ages. 2007.
- ↑ Nyabor, Jonas. «Ghana Academy of Arts and Sciences gets 2nd female president». Citi FM Online. Henta 3 February 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Aba Andam» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2017.