DESY
DESY eller Deutsches Elektronen-Synchrotron (tysk for Den tyske elektronsynkrotronen) er eit nasjonalt forskingssenter i Hamburg i Tyskland med ein elektronsynktrotron. Her vert det drive grunnforsking i høgenergifysikk og partikkelfysikk, samt produksjon og bruk av synktrotronstråling. DESY er eit medlem av Helmholtz-Gemeinschaft og opererer i Hamburg og Zeuthen.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «German Electron Synchrotron» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2012.