Abanyom er eit nigerkongo-språk i den bantoide gruppa som vert snakka av omkring 12 500 menneske i Nigeria.[1] Språket tilhøyrer den ekoide gruppa av bantoide språk. Språket er ganske nært beslekta med bantuspråka utan å vera ein del av dei, då det i likskap med bantuspråka tilhøyrer den sørlege greina av den bantoide gruppa. Abanyom er eit tonespråk og har i likskap med bantuspråk eit typisk nominalklassesystem.

Abanyom
Klassifisering Niger-kongospråk
 Atlantisk–kongo
  Benue–kongo
   Sørleg bantoid
    Ekoide språk
     Efutop–ekajuk
Bruk
Abanyomtalande i alt 12500
Språkkodar
ISO 639-3 abm
Glottolog aban1242

Kjelder

endre
  1. «Abanyom». Ethnologue (19. utg.). 2016. 
  • Asinya, O.E. 1987. A reconstruction of the Segmental phonology of Bakor (an Ekoid Bantu language). M.A. Linguistics, University of Port Harcourt