Bantuspråk er ei undergruppe av niger-kongo-språka, som blir snakka i Aust- og sørlege Afrika. Det finst fleire hundre bantuspråk, kor mange er ikkje lett å seie, i og med at skiljet mellom språk og dialekt er vanskeleg å dra.

Geografisk område endre

Viktige land med bantutalarar er mellom anna (dei sørlege delane av) Kamerun, Gabon, Kongo, Uganda, Rwanda, Burundi, Kenya, Tanzania, Angola, Zambia, Malawi, Mosambik, Namibia, Botswana og Sør-Afrika.

Viktige bantuspråk endre

Det viktigaste bantuspråket er swahili. Sjølv om det ikkje har meir enn rundt 6 millionar talarar, er det lingua franca i store delar av Aust-Afrika, og det er offisielt språk i Kenya og Tanzania. Eit anna bantuspråk som har status som lingua franca er lingala, som blir brukt som handelsspråk i Kongobekkenet. Zulu og xhosa er viktige språk i Sør-Afrika.

Grammatikk endre

Fonologi endre

Dei fleste bantuspråka er tonespråk, men ikkje alle er det. Swahili har ikkje tone, kanskje på grunn av at det har vore sterkt påverka av arabisk.

Morfologi endre

Bantuspråka er morfologisk sett relativt like, dei er agglutinerande språk som i hovudsak har prefiks. Særleg verbbøyinga er godt utbygd, eit verb kan ha opp til femten prefiks (og eitt eller to suffiks]]. Affiksa er inndelt i klassar, slik at nokre av suffiksa står i komplementær distribusjon, og desse affiksklassene kjem i ei bestemt rekkjefølgje i ordforma. Verba kongruerer både med subjekt og objekt i tal og person, og i tillegg blir dei bøygd både i tempus, modus og negasjon. Eit døme på det siste er den kjende swahilifrasen hakuna matata «ingen problem», der ha- er eit negasjonsprefiks, og -kuna er hjelpeverbet «å vere».

Substantiva blir delt inn i klasser etter eit system tilsvarande genus i norsk, og verb og adjektiv kongruerer med substantiva i klasser.

Språkhistorie endre

Bantu sine slektspråk ligg i Vest-Afrika, dei fleste nord for ekvator. Bantuspråka er resultat av ei folkevandring av hovudsakleg kvegbønder i løpet av dei siste 1500 åra. Jf. kart over bantu-ekspansjonen.

Forskingshistorie endre

Grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av bantuspråka vart lagt på 1800-talet, av tyske forskarar innanfor det junggrammatiske paradigmet. Målet for desse forskarane var å avdekke den historiske prosessen som hadde ført fram til dagens bantuspråk. Wilhelm Bleek var den første som skildra nominalklassesystemet til bantuspråka. Carl Meinhof utarbeidde den første samanliknande grammatikken over bantuspråka.

Etter første verdskrigen mista Tyskland dei afrikanske koloniane sine, og meir av bantuforskinga vart utført av britar. Bantulogen M. Guthrie har rekonstruert ur-bantu, og han har også laga eit klassifiseringsspråk over bantuspråk.

Inndeling etter Guthrie-nummer endre

Bantulogar refererer til bantuspråk med det såkalla Guthrie-nummeret. Vanlegvis blir språkfamiliar ordna genetisk i grupper slik at dei språka som har felles urspråk kjem i same gruppe. For bantuspråka har det vist seg å vere vanskeleg å setje opp ein genetisk definert indre struktur. I staden sette bantulogen M. Guthrie opp eit system der han delte opp det bantuspråklege området inn i femten soner, A, B, C, D, E, F, G, H, K, L, M, N, P, R, S, kvar sone med omtrent like stor språkleg variasjon. Sonene er geografisk bestemt, slik at språk som ligg attmed kvarandre kjem i same sone. Jf. Guthrie sitt kart i referanselista nedanfor. Seinare har særleg belgiske bantulogar argumentert for ein sekstande sone, J, som består av ein del språk frå sonene D og E (språka J = D40, D50, D60, E10, E20, E30). Her er ei liste over bantustpråkgrupper ordna etter Guthrie-nummer.

  1. Sone A (Sør-Kamerun & nord-Gabon)
  2. Sone B (Sør-Gabon & vest-Kongo-B)
  3. Sone C (Nordvest, nord- & Sentral-Kongo)
  4. Sone D (Nordaust, aust-Kongo-K & Rwanda-Burundi)
  5. Sone E (Sør-Uganda, Sørvest-Kenya & nordvest- Tanzania)
  6. Sone F (Nord- & Vest-Tanzania)
  7. Sone G (Sentral-, aust Tanzania & swahilikysten)
  8. Sone H (Sørvest-Kongo-B & Nord-Angola)
  9. Sone J (Kombinert D/E-klasse)
  10. Sone K (Aust-Angola & Vest-Zambia)
  11. Sone L (Sør-Kongo-K & Vest-, Sentral-Zambia)
  12. Sone M (Aust-, Sentral-Zambia, Sørvest-Tanzania & Søraust-Kongo-K)
  13. Sone N (Malawi, Sentrale Mosambik & Søraust-Zambia)
  14. Sone P (Sør-Tanzania & Nord-Mosambik)
  15. Sone R (Sørvest-Angola & Nordvest-Namibia)
  16. Sone S (Zimbabwe, Sør-Mosambik & aust i Sør-Africa)

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Bryan, M. A. ed. 1959: The Bantu Languages of Africa
  • Guthrie, M 1948 (1967):, The Classification of the Bantu Languages (1948, repr. 1967)
  • Guthrie, M 1967–71: Comparative Bantu (4 vol).
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.