Abbotisen

(Omdirigert frå Abbot isbrem)

Abbot isbrem er ein isbrem som er 400 km lang og 65 km brei, på grensa til Eights Coast frå Cape Waite til Phrogner Point i Antarktis. Thurston Island ligg langs nordkanten av den vestlege halvdelen av denne isbremmen. Andre store øyar (Sherman, Carpenter, Dustin, Johnson, McNamara, Farwell og Dendtler) ligg delvis eller heilt inne i denne isen.

Abbotisen
isbrem
Abbot Ice shelf.jpg
Abbot isbrem, MODIS-bilete frå 10. mars 2003. 14:50
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 72°45′S 96°00′W
Administrert under Antarktistraktaten

Abbotisen
72°45′ S 96°0′ W
Abbotisen is located in Antarktis
Abbotisen (Antarktis)

Isbremmen vart oppdaga av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940, og den vestlege delen vart skissert frå flyfoto tekne av U.S. Navy (USN) Operasjon Highjump i 1946–47. Heile isbremmen vart kartlagt av USGS frå USN sine flyfoto i 1966. Han vart namngjeven av US-ACAN etter kontreadmiral J. Lloyd Abbot jr., som var befalshavande for U.S. Naval Support Force i Antarktis, februar 1967 til juni 1969.

Sjå ògEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Abbot Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).