Buken

(Omdirigert frå Abdomen)
Abdomen avmerka i pattedyr og insekt.

Buken eller abdomen er den bakre eller nedre del av kroppshola til dyr. Hjå menneske viser det til området mellom brystkassen og bekkenbotnen, på leddyr viser det til bakkroppen som følgjer hovud- og brystdelane. I abdomen finn ein tarmkanalar og i dei fleste høve kjønnsorgan.[1] Ein kan også omtala området som bukhola, omgjeven av bukveggen.[2]

Det latinske ordet «abdomen» blir brukt i medisinsk fagspråk, som i «akutt abdomen», om akutte smerter i magen. Adjektivet «abdominal» tyder 'noko som har med buken å gjera'. Abdominal respirasjon er anding ved hjelp av bukmusklane og mellomgolvet. Abdominalrefleks er ein refleks der ein trekk saman bukmusklane når ein spiss gjenstand blir stroken over huda på abdomen. Eit abdominalt svangerskap er eit svangerskap der fosteret har festa seg i bukhola i staden for i livmora.

Sjå ogEndra

KjelderEndra

  1. «abdomen – zoologi». Store norske leksikon (på norsk). 7. februar 2019. 
  2. Holck, Per (26. september 2018). «buken». Store medisinske leksikon (på norsk).