Livmor, på latin uterus, er det muskuløse hòlrommet i kroppen på kvinner og hopattedyr der zygoten utviklar seg til spedbarn eller unge. Livmora har nedantil samband med skjeden, vagina, gjennom livmorhalsen, cervix uteri, og på toppen samband med to eggstokkar, ovarium, gjennom to eggleiarar. Storleiken, forma og volumet på livmora varierer med alderen, menstruasjonssyklys og graviditet. Mesteparten av veggen i livmora er muskelvev (glatt muskulatur) med slimhinne, endometrium, på innsida, som eit befrukta egg kan vekse seg fast i. Dersom dette ikkje skjer, vert denne slimhinna støytt ut av kroppen ein gong i månaden ved ei bløding, menstruasjonen.

Teikning av livmora hjå ei gravid kvinne, sett i profil. Placenta er den latinske faglege nemninga for morkake, det organet som barnet tek opp næring frå mora si med, og som vert støytt ut av livmora i samband med at barnet vert fødd.
Teikning som syner plasseringa i ei kvinne av livmora (Uterus), livmorhalsen (Zervix), eggleiarane (her med tysk nemning: eileiter), eggstokkane (Ovar) og skjeden (vagina) i høve til kvarandre.