Abdon Pamich (fødd 3. oktober 1933) er ein italiensk tidlegare kappgjengar fødd i Fiume i Italia (dagens Rijeka i Kroatia). Han deltok i samtlege friidretts-EM og olympiske sommarleikar i tida 1954 til 1972. Pamich vart olympisk meister i 50 kilomter kappgang i 1964 og europameister på same distansen i 1962 og 1966.

Abdon Pamich
Abdon Pamich FIDAL.jpg
Fødd 3. oktober 1933
Rijeka
Yrke friidrettsutøvar
Abdon Pamich på Commons

Pamich fekk sølv i 50 km under EM 1958, 45 sekundar bak Jevgenij Maskinskov frå Sovjetunionen. To år seinare kom han på bronseplassen då Sommar-OL 1960 fann stad i heimlandet i Italia. Ved dei neste store meisterskapane, EM 1962, OL 1964 og EM 1966 gjekk Pamich til topps på spesialdistansen 50 km.

Bestenoteringa til Pamich i 50 km kappgang på 4.03.02 frå 1960 var den gongen verdsrekord.

KjelderEndra