Jevgenij Maskinskov

Jevgenij Ivanovitsj Maskinskov (19. desember 193025. januar 1985) var ein kappgjengar frå Sovjetunionen som i 1958 vart europameister på 50-kilometeren, to år etter han vann OL-sølv på same distansen.

Jevgenij Maskinskov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 19. desember 1930
Aleksandrovka
Død

25. januar 1985 (54 år)
Saransk

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Ærestegnets orden

Maskinskov sette sommaren 1956 personleg rekord med tida 4.08.57. Under dei olympiske leikane i Melbourne seint i november vann han sølvmedaljen på 4.32.57, frågått av overraskingsmannen Norman Read frå New Zealand med over to minuttar, men sjølv over to minuttar føre ein av favorittane, svenske John Ljunggren på bronseplass.

Ved europameisterskapen 1958 i Stockholm gjekk Maskinskov tidleg fram og danna ei lita tetgruppe. Allereie ved 20-kilometersmerket låg han åleine fremst, ei leiing han heldt til mål. Han vann tevlinga på 4.17.15, likevel ikkje meir 45 sekundar framom sølvmedaljør Abdon Pamich frå Italia.

Kjelder endre