Aberdeen angus er ein skotsk storferase. Dyra er svarte og har ikkje horn. Det finst òg ein raud variant av angus. Aberdeen angus eignar seg først og fremst til kjøtproduksjon, fordi han veks fort opp og kalvar lett. Rasen vart oppdaga første gong i 1835 og omtala i ei bok første gong i 1862.

Ei ku av rasen Aberdeen angus
Ein okse

I Noreg vert det drive produksjon av rasen nokre få hundre stader fordelt ut over mykje av landet.

Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.