Utsyn over bukta
Gangbru mot det lokale naturreservatet

Aberlady Bay er ei bukt i East Lothian i Skottland mellom Aberlady og Gullane.

I 1952 vart Aberlady Bay det første lokale naturreservatet (LNR) i Storbritannia. Den skotske ornitologklubben har hovudkvarteret sitt ved Aberlady med panoramautsikt over bukta.

Aberlady Bay er ein del av John Muir Way, ein lang vandringsveg frå Fisherrow (Musselburgh) til Dunglass. Vegen er òg ein del av nordsjøløypa i East Lothian.

SkipsforlisEndra

Åtte historiske fiskefartøy ved Kilspindie har vorte erklært maritimt scheduled monument.

To forliste XT-fartøy, treningsutgåva av ubåtklassen X frå 1946, vart taua til bukta og ligg i dag fortøydd til ei betongblokk og nytta under flyøvingar i Royal Air Force som skytemål.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra


Koordinatar: 56°00′N 2°55′W