Abrasio er eit medisinsk uttrykk som tyder utskraping.

Ordet abrasio vert ofte brukt om utskraping av adenoidane (ofte kalla polyppar), som ligg bak i svelget. Ei slik utskraping kan verta gjort t.d. fordi pasienten har problem med å pusta eller har øyrebetennelse. Dette er eit svært vanleg inngrep som ofte vert gjort på born mellom 1 og 6 år. Vanlegvis er pasienten under narkose. Somme gonger vert inngrepet gjort samstundes med fjerning av mandlane, og av dei same grunnane.

Abrasio uteri eller abrasio eksplorativa er ei utskraping av livmorhula. Dette gynekologiske inngrepet tek mellom fem og ti minutt og vert utført under narkose.

KjelderEndra