Abu Simbel er eit arkeologisk område sør i Egypt, på vestbreidda av Nilen. I Abu Simbel er det to klippetempel. Desse templa er ein del av dei nubiske monumenta som vart sette på verdsarvlista til UNESCO i 1979.

Abu Simbel

Kart
Abu Simbel
22°20′13″N 31°37′32″E / 22.336944444444°N 31.625555555556°E / 22.336944444444; 31.625555555556

Tvillingtempla vart meisla ut frå bergveggen på 1200-talet fvt. av Ramses II, som ville skapa eit evigvarande byggverk til minne om han sjølv og dronning Nefertari i samband med Slaget ved Kadesh.

Fasaden på det store tempelet er dominert av fire 20 meter høge statuar. Det mindre tempelet har seks 10 meter høge statuar på fasaden.

Templa i Abu Simbel vart oppdaga att av Johann Ludwig Burckhardt og gravne ut or sanden av Giovanni Belzoni.

Statue av Ramses II

Flytting endre

Mellom 1964 og 1968 vart heile tempelområdet demontert, ved at ein sagde dei ut or klippa og flytta dei 65 meter opp og 200 meter vekk frå elvebreidda for å verna templa mot vassmengda då elvebreidda steig etter bygginga av Assuandammen. Når tempelet vart bygd opp att tok ein omsyn til korleis templa tidlegare hadde stått i høve til kvarandre og til sola. Det store tempelet er bygd slik at sola to gonger i året lyser heilt inn i tempelet og lyser opp den bakre veggen i rommet, der det står statuar av fire gudar. Då templa var bygde opp att vart det bygd kunstig fjell rundt dei.

Kjelder endre