Abul-Samsari er ei vulkansk fjellkjede sør i Georgia, 120 km sørvest for Tbilisi. Han er ein del av Litle Kaukasus og stig opp over platåa Javakheti og Tsalka. Sjølve fjellkjeda er 40 km lang og går frå nord til sør frå elvegjela Ktsia til Paravani.

Fjellkjeda sett frå nordbreidden av Paravanisjøen.

Det høgaste fjellet er Didi Abuli med ei høgd på 3 301 meter over havet. Andre store fjelltoppar er Tavkvetili (2 583 m), Sjavnabada (2 929 m) og Samsari (3 285 m). Samsari har eit ganske stort krater.

Fjellsidene i Abul-Samsari er stort sett dekte med alpine enger og grassletter. Skogar er mindre vanleg, og stort sett berre i dei lågare delane av fjellkjeda (under 1 900 m). Det er fleire små og mellomstore innsjøar i og rundt fjellkjeda.

Kjelder endre