Opna hovudmenyen
Dzjavakheti

Dzjavakheti er eit vulkansk platå i Kaukasusfjella, som dekkjer regionen Samtskhe-Javakheti i Georgia, langs grensa til Tyrkia og Armenia. Platået ligg i ei høgd over 2 000 meter.

Platået er ei stor grasslette (alpin steppe) med mange våtmarker og fjellinnsjøar (seks av dei største innsjøane i Georgia, Tabatskuri, Paravani, Khantsjali, Madatapa, Kartsakhi, Sagamo).

Våtmarkene i Dzjavakheti er ein del av Ramsar-konvensjonen si liste over internasjonalt viktige våtmarker.

Over sletta, frå nord til sør, går fjellkjeda Abul-Samsari med ei rekkje vulkankjegler.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra