Abzucht
Abzucht (i øvre løp òg kalla Wintertalbach) er ei elv i Niedersachsen i Tyskland. Ho er ei venstre sideelv til Oker, og er 12,1 kilometer lang med eit nedbørfelt på 31,6 km².[1] Abzucht har utspring ved Wintertal i Harz-fjella, på nordaustsida av Schalke (762 moh). Elva renn derfrå i nordleg retning. På vestsida av byen Goslar renn Abzucht saman med den betydeleg større sideelva Gose, og snur deretter mot nordaust og seinare aust. Elva renn gjennom den historiske gamlebyen i Goslar, og munnar ut i Oker rundt tre kilometer austom byen.
Abzucht | |||
elv | |||
Abzucht i gamlebyen i Goslar
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 31,6 km² | ||
Renn gjennom | Goslar | ||
Sideelvar | Gose, Dörpke, Gelmke | ||
Lengd | 12,1 km | ||
Kjelde | Wintertal i Harz-fjella | ||
• høgd | 722 moh. | ||
Munning | Oker | ||
• høgd | 192 moh. | ||
Abzucht 51°54′45″N 10°29′08″E / 51.9124°N 10.4856°E | |||
Wikimedia Commons: Abzucht (Oker) |
Referansar
endre- ↑ «Gewässergütebericht Oker 2002» (pdf). Niedersächsischer Landesbetrieb für Wasserwirtschaft und Küstenschutz (NLWK). 2002. Henta 11. september 2014.