Goslar
Goslar er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland, ei 50 km søraust for Hannover. Kommunen omfattar 163,9 km² og 50 000 ibuarar. Goslar ligg i utkanten av fjellområdet Harz.
Goslar | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Niedersachsen | ||
Areal | 163,88 km² | ||
Folketal | 50 203 (31. desember 2022) | ||
Goslar 51°54′22″N 10°25′45″E / 51.906003°N 10.429163°E | |||
Wikimedia Commons: Goslar |
Goslar var ein sjølvstendig by (fri riksby) frå 1290 til 1802, ei tid under Trettiårskrigen kontrollert av svenske troppar.
Sidan 1992 er gamlebyen, sølvgruva Rammelsberg og Oberharzer vasstårn med på UNESCO si verdsarvliste.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Goslar» frå Wikipedia på tysk, den 8. januar 2024.