Gose
Gose er ei elv i Niedersachsen i Tyskland. Ho er ei venstre sideelv til Abzucht og er 7,1 kilometer lang med eit nedbørfelt på 10 km².[1] Gose har utspring nord for Auerhahn i Harz-fjella, på austsida av Bocksberg (726 moh.). Elva renn derfrå mot nordaust gjennom ein trong og bratt dal, til ho munnar ut i Abzucht i vestkanten av byen Goslar, som har namn etter elva. Vatnet vart i tidlegare tider utnytta til å lage det tradisjonelle ølet Gose.
Gose | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 10 km² | ||
Lengd | 7,1 km | ||
Kjelde | Nord for Auerhahn i Harz-fjella | ||
• høgd | 615 moh. | ||
Munning | Abzucht | ||
• høgd | 285 moh. | ||
Gose 51°53′57″N 10°24′56″E / 51.8992°N 10.4156°E | |||
Wikimedia Commons: Gose (Abzucht) |
Referansar
endre- ↑ «Gewässergütebericht Oker 2002» (pdf). Niedersächsischer Landesbetrieb für Wasserwirtschaft und Küstenschutz (NLWK). 2002. Henta 11. september 2014.