Dirillo
(Omdirigert frå Acate)
Dirillo eller Acate er ei 54 km lang elv på Sicilia i Italia. Elva har utspring i Ibleifjella og renn gjennom Vizzini, Licodia Eubea, Mazzarrone, Chiaramonte Gulfi, Acate, Vittoria og Gela. Ho munnar ut i Siciliasundet søraust for byen Gela. Som den største elva i området vert ho stundom kalla Fiume Grande.
Dirillo | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sicilia | ||
Nedslagsfelt | 739,39 km² | ||
Lengd | 54 km | ||
Kjelde | Ibleifjella nær Vizzini | ||
• høgd | 986 moh. | ||
Munning | Siciliasundet søraust for Gela | ||
• høgd | 0 moh. | ||
Dirillo 37°00′00″N 14°20′00″E / 37°N 14.333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Dirillo |
Elva vart i antikken kalla Achates.
I 1950-åra vart elva demma opp nær Licodia Eubea for å danne eit reservoar til bruk for ein petrokjemisk fabrikk. Med godt fiske og gode campingfasilitetar er området ein turistattraksjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dirillo» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2007.