Achi (achi') er eit mayaspråk som er nært i slekt med quiché. Det blir snakka av rundt 85 000 medlemmar av achifolket, som hovudsakleg held til i departementet Baja Verapaz i Guatemala.

Achi
Achi'
Klassifisering Maya
 Quicheansk-mameansk
  Stor-quicheansk
   Quicheansk
    Quiché-achi
     Achi'
Bruk
Tala i  Guatemala
Achitalande i alt Ca. 85 000
Språkkodar
ISO 639-3 acr
Glottolog achi1256

Det er to hoveddialekter av achi: Cubulco-dialekten blir snakka av om lag 48 000 menneske i Cubulco-området vest for Rabinal, medan Rabinal-dialekten blir snakka av rundt 37 000 menneske i Rabinal-området.

Eit av meisterverka frå den førkolumbiske perioden er Rabinal Achí, eit teaterstykke skrive på achi.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre