Act Naturally
Act Naturally Singel av Buck Owens and The Buckaroos frå albumet The Best of Buck Owens | ||
B-side |
«Over and Over Again» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. mars 1963 | |
Innspelt | Capitol Studios, Hollywood i California, 12. februar 1963 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:19 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Johnny Russell, Voni Morrison | |
Tekstforfattar | Johnny Russell, Voni Morrison | |
Låtskrivar(ar) | Johnny Russell, Voni Morrison | |
Produsent | Ken Nelson | |
Buck Owens and The Buckaroos-kronologi | ||
«You're for Me» (1962) |
Act Naturally | «Love's Gonna Live Here» (1963)
|
«Act Naturally» er ein song skrive av Johnny Russell og Voni Morrison, og opphavleg spelt inn av Buck Owens, som nådde førsteplassen på Country-lista i USA med singelen i 1963.[1] Dette var første gongen Owen var på førsteplassen.[2] I 2002 plasserte Shelly Fabian frå About.com songen på 169. plass på lista over dei 500 største countrysongane nokon gong.[3]
Songen er spelt av mange andre artistar, mellom anna Loretta Lynn og The Beatles.[4]
«They're gonna put me in the movies
Johnny Russel
|
Songen var sterkt medverkande til å gjere Buck Owens til ei stor stjerne og songen låg totalt 28 veker inne på countrylista i USA. I løpet av 1960-åra hadde Owens heile 19 songar på toppen av countrylista.[5]
The Beatles spelte inn songen for albumet Help! i 1965 og han vart gjeven ut som B-side på singelen «Yesterday».[6] Beatles-utgåva er sungen av Ringo Starr.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Act Naturally» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Buck Owens: Charts & Awards: Billboard Singles». Allmusic. Henta 12. oktober 2008.
- ↑ «Buck Owens: Biography». Allmusic. Henta 12. oktober 2008.
- ↑ Shelly Fabian (2002). «Top 500 Country Music Songs». About.com. Henta 12. oktober 2008.
- ↑ «"Act Naturally" Performers». Allmusic.
- ↑ Joel Whitburn (2005). Top Country Songs 1944 to 2005. Menomonee Falls, Wis.: Record Research. s. 281. ISBN 0-89820-165-9.
- ↑ Craig Cross (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. Lincoln, NE: iUniverse, Inc. s. 495, 534-535. ISBN 0-595-34663-4.
- ↑ Ian MacDonald (1994). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties. New York: Henry Holt and Company. s. 127. ISBN 0-8050-2780-7.