«Ad lib og Ad-lib» omdirigerer hit. For lydkortprodusenten, sjå AdLib.

Ad libitum (latin for 'etter eige ynske/eigen smak'),[1] mykje nytta i kortformene ad lib og ad-lib, er eit uttrykk brukt innan musikk eller teater der ein utøvar kan velja kva eller korleis han vil gjera noko.

Innan musikk kan det til dømes tyda at ein kan velja tempo fritt, at ein kan utelata ein del eller stemme frå ein komposisjon, eller at ein kan eller må improvisera.[2]

Omgrepet kan tilsvarande visa til improvisasjon innan teater.

Kjelder endre

  1. «ad libitum» i Nynorskordboka.
  2. Bjerkestrand, Nils E. (4. november 2014), «Ad libitum: musikk.», Store norske leksikon